Korleis Nesna lærerskole vart til

Bilde av høgskolens grunnlegger


Frå privat til offentleg lærarskole

Ivar Hjellvik og verket hans

Presten Ivar Hjellvik kom til Nesna i januar 1918 for å overta prestegjerninga i Nesna, den gong eit stort prestegjeld med fleire kyrkje. Etter eit par månader vart han klar over at Nordland fylkesting i 1916 einstemmig hadde vedteke å be styresmaktane om å opprette ei lærerskole i Nordland fylke. Frå før var det berre ei lærarskole i Nord-Norge, Tromsø lærarskole, og det var mangel på lærarar i landsdelen. Ivar Hjellvik fekk raskt ideen om at Nesna måtte vere den ideelle staden for ei ny lærerskole. Her hadde det tidlegare vore amtsskole. Innbyggjarane var difor vane med å ha skoleungdom boande hos seg. Staden låg sentralt, med gode båtforbindelsar både sørover, nordover og inn fjordane på Helgeland (vegnettet var på den tida dårleg utbygd). Nesna låg i god avstand frå dei næraste lærarskolene, med Tromsø i nord og Levanger i sør.

Hjellvik mobilisera alle han kjende på staden og fekk stor støtte både frå kommunen og innbyggjarane på Nesna. Etter kort tid hadde han fått lovnad om midlertidige lokalar, og befolkninga gjorde alt som var mogleg for å skaffe hyblar. Han fekk og støtte frå skolemyndigheitane i landsdelen og frå fylket. I første omgang planla Hjellvik ei privat lærarskole, då dette ville gå raskare enn å få godkjend ei offentlig lærarskole, men planen var at skolen skulle verta offentleg så raskt som mogleg.

Berre omlag 3 månader etter at ideen var unnfanga, utlyste Nesna lærarskole opptak til ein klasse med 1-årig småskolelærarutdanning og ein klasse 3-årig lærarutdanning, med oppstart same høst. I løpet av sommaren var dei nødvendige lærarane på plass. Hjellvik sjølv fekk først halv permisjon frå prestestillinga og etter kvart fekk han fullt arbeid som rektor og lærar.

Det særskilde ved det arbeidet som vart gjort våren 1918 var den massive støtta både lokalt og frå heile landsdelen, i tillegg til at det tok knapt eit halvt år frå ide til oppstart av undervisning. Det seier noko om ein mann med visjonar, stor handlekraft og evne til forhandling.

Eigne bygg. Staten tek over.

Elevtallet auka jevnt dei første åra, og det vart heilt naudsynt å få reist eigne bygg til den nye lærerskola. I dette arbeidet var Ivar Hjellvik den drivande krafta. I 1921 sto anlegga ferdig, med eit hovedbygg, eige bygg for gymnastikk og sløyd, og eit internat for kvinnelege studentar. Desse bygningane + eit uthus vart plassert rundt ein indre gård med dam, springvann og beplanting. Skola hadde fått eit av dei vakraste og mest praktiske lærarskolebygg i landet, med 8 klasserom + spesialrom. I tillegg fekk rektor eigen stor bolig, den såkalla rektorgården, som tidlgare hadde vore hovedbygningen på Sørvollen gård. Det samla tomtearealet var så stort at det heilt opp til vår tid har vore god plass til tilbygg i fleire omganger og eit husvære til tilsette.

Etter at lærarskola hadde fått romslege og tidsmessige lokalar, og det og kunne visast til god søking og gode eksamensresultat, vart lærarskolen statleg frå 1921. Dermed var skolen på ein helt annen måte enn tidligere økonomisk sikra.

Tekst: Olga Langset, tidlegare studiesjef

 

Bilde av Høgskolen i Nesna