Planer for Høgskolen i Nesna

Modellen under vis korleis plan- og målstrukturen ved institusjonen er bygd opp. Strategisk plan (SP) er bygd opp på grunnlag av målstrukturen frå Kunnskapsdepartementet slik den kjem fram i dei årlege tildelingsbreva til institusjonen.
Departementet sine sektormål utgjer første tekstdel av avsnittet Vårt oppdrag i SP. Departementet sine mål for verksemda ligg i teksten under kvart av dei fire hovudområda i SP. Dei tre plannivåa spel ei stor rolle for verksemda.
Kravane til kvalitetssikringssystemet ligg i NOKUT sine forskrifter som vert styrande for alle plannivå, men på ulike vis på kvart nivå. Dei ulike nivåa i plan- og målpyramiden representerer og dei ulike leings- og styringsnivå i institusjonen.

Planstruktur

 

Nivå 1 er det strategiske nivå der høgskolestyret, rektor og direktør har direkte ansvar. På dette plannivået ligg Strategisk plan som utarbeides i henhold til styringskrav gjennom UH-loven med forskrifter og rundskriv samt NOKUT sine forskrifter. Styringssignaler frå ulike aktørar i omverda gir og føringer for den strategiske planlegginga.

Nivå 2 er det utøvande nivå der mellomleiarane har ansvar. Her skal det utarbeidas fleirårige handlingsplanar med direkte forankring i formuleringar frå SP. Handlingsplanane skal henga saman med styringskrav frå ulike handlingsplanar frå departementa og styringssignal frå omverda. Kvart av dei strategiske satsingsområda i SP skal på dette nivået konkretiserast og ansvaret for gjennomføring omdelast. Det same gjeld ulike tverrgåande handlingsplanar utarbeid på grunnlag av krav i lov eller andre styringssignal (likestilling, lønspolitikk, personalpolitikk, funksjonshemma, krisehandtering, konfliktløsing, internasjonalisering).

Nivå 3 er det gjennomførande nivå der mellomleiarane og gjennom sine medarbeidarar har ansvar. Her skal det utarbeidast årlege planar for versemda der tiltaka frå dei fleirårige handlingsplanane blir operasjonalisert og kostnadsberegna.