Masterutdanning i profesjonsretta naturfag
Intervju med Johs. Tveita
Les blogg
Studiefakta
Sted• Nesna
Omfang og organisering
• To år
• 120 stp.
• Heltid, samlingsbasert
Studieplan
• Studieplan
• Samlingsplan
Søking
• Opptakskrav - Se hovedteksten
• Fortløpende opptak til 9.8. så lenge det er ledige studieplasser
• Høgskolen i Nesna
Kontakt
Fagansvarlig Johs. Tveita
• Telefon: 75057800
• postmottak@hinesna.no
Bolig eller barnehage
•Kontakt Samskipnaden
Ei masterutdanning innan profesjonsretta naturfag ved Høgskulen i Nesna er eit nytt studium i Noreg. Det representerer eit utvida tilbod innan kompetanseheving og vidareutdanning for dei som skal arbeide med naturfag i skulen. Masterutdanninga i profesjonsretta naturfag er eit framtidsretta studium. Studiet er primært retta mot allmennlærarstudentar som ynskjer å utvide grunnutdanninga si til ein mastergrad, men og mot lærarar i grunnskulen som ynskjer vidareutdanning i naturfag. Også andre som fyller opptakskrava og ynskjer å utvide den faglege og didaktiske innsikta si og den formelle kompetansen sin knytt til naturfaga kan søkje opptak på masterstudiet.
Masterstudiet vil i stor grad byggje på lærarutdanninga. I tillegg til den obligatoriske delen av allmennlærarutdanninga (120 studiepoeng) krev opptak til mastergraden ei fordjuping i naturfaglege emne på 60 studiepoeng. Denne fordjupinga skal tilsvare innhaldet i dei eksisterande naturfaglege modulane Naturfag 1 (30 studiepoeng) og Naturfag 2 (30 studiepoeng). I tillegg til allmennlærarutdanning, kan førskulelærarutdanning med tilsvarande fagleg fordjuping, universitetsstudiar og realkompetanse gje grunnlag for opptak.
Opptakskrav
Nedanfor er det spesifisert kva bakgrunn som gir grunnlag for opptak til studiet:
1. 4-årig lærarutdanning (2003) med minimum 60 studiepoengs fordjuping i naturfaglege emne, 30 studiepoeng matematikk, 30 studiepoeng norsk og 30 studiepoeng pedagogikk og praksis. Det kan søkast om opptak til masterstudiet etter gjennomført og bestått 3 år av lærarutdanninga (til saman 180 studiepoeng), med minimum 60 studiepoengs fordjuping i naturfag, 30 studiepoeng matematikk, 30 studiepoeng norsk og 30 studiepoeng pedagogikk (til saman 150 studiepoeng).
2. Bachelorgrad med minimum 80 studiepoeng innafor naturfaglege og/eller realfaglege emne, minst 60 studiepoeng må vere innafor naturfaglege emne, 60 studiepoeng innafor pedagogiske og/eller realfagsdidaktiske emne (140 obligatoriske studiepoeng), og praktisk pedagogisk utdanning.
3. 4-årig allmennlærarutdanning etter 1992 med minimum 20 vekttal/ 60 studiepoeng naturfag (Natur- og miljøfag 1 og 2 eller tilsvarande), 5 vekttal/ 15 studiepoeng matematikk, 10 vekttal/ 30 studiepoeng norsk og 10 vekttal/ 30 studiepoeng pedagogikk med praksis (130 obligatoriske studiepoeng ).
4. Tidlegare 3-årig allmennlærarutdanning med minimum årseining i naturfag, ¼-årseining i norsk, ¼-årseining i matematikk, samt pedagogikk og praksis av til saman eitt års omfang (ca 150 obligatoriske studiepoeng )
5. Faglærar i realfag og faglærar i naturfag
6. Adjunkt med minimum 80 studiepoeng innafor naturfaglege og/eller realfaglege emne, minst 60 studiepoeng må vere innafor naturfaglege emne, 15 studiepoeng matematikk, og 15 studiepoeng norsk og 30 studiepoeng pedagogikk med praksis eller tilsvarande (140 obligatoriske studiepoeng).
7. Cand.mag-grad innafor realfag med minimum 20 vekttal/ 60 studiepoeng naturfaglege emne og praktisk pedagogisk utdanning.
8. Cand.mag.-grad med minimum 30 vekttal/ 90 studiepoeng naturfaglege og/eller realfaglege emne, minst 20 vekttal/ 60 studiepoeng må vere innafor naturfaglege emne, og praktisk pedagogisk utdanning.
9. 3-årig førskolelærarutdanning, med minst 60 studiepoeng fordjuping innafor naturfag.
10. Opptak til studiet for Mastergrad i profesjonsretta naturfag kan gjerast på grunnlag av realkompetanse.
Innhold i studiet
Masterutdanninga i profesjonsretta naturfag skal vere ei fordjuping innafor vitskapsområda som omfattar undervisning i naturfaga, men skal og ta i vare heile breidda i naturfaga.
Studiet går over to år og består av følgjande hovudkomponentar:
| Emne 1. år | Haust | Vår |
| Grunnleggjande kjemi | 10 stp | |
| Grunnleggjande biologi | 10 stp | |
| Naturfagsdidaktikk | 5 stp | |
| Fordjupingseining | 5 stp | |
| Grunnleggjande fysikk | 10 stp | |
| Naturfagdidaktikk II | 5 stp | |
| Fordjupingseiningar | 15 stp |
| Emne 2. år | Haust | Vår |
| Masteroppgåve | 10 stp | |
| Fordjupingseiningar | 10 stp | |
| Vitskapleg metodikk | 10 stp | |
| Litteratur i naturfagdidaktikk | 10 stp | |
| Masteroppgåve | 20 stp |
Klasserom på nett
Alle studier ved Høgskolen i Nesna har sitt eget klasserom på nett. Her vil du til enhver tid finne oppdatert informasjon om alt som skjer i klassen din, og på Høgskolen i Nesna. Her finnes oppslagstavler og chatterom der du kan ha kontakt med medstudenter og lærere, det finnes timeplaner og ukeoversikter, studiemateriell, informasjon fra utdanningsledere, faglærere, studiesjef og eksamenskontoret.
Veien videre - jobb og studium
Det blir i dag utdanna få lærarar med master i realfaga. Det vil derfor vere stor etterspørsel etter denne kompetansen i skulen.
Studiet skal utdanne kandidatar for undervisning i naturfag primært i grunnskulen, men og i naturfag på grunnkursa i vidaregåande skule og i vaksenopplæringa. Ein tek og sikte på å utdanne kandidatar som kan fungere som ressurspersonar meir generelt innan opplæring i naturfaga, både innafor skule, vaksenopplæring, etterutdanning og andre former for opplæring og formidling.