Brage - elektronisk publiseringsarkiv

Høgskolen i Nesna innfører arkiv for elektronisk publisering tufta på Open Access. Målet med arkivet er å gjere synleg dei vitskaplege arbeida, masteroppgåvene og studentarbeida av høg kvalitet som høgskolen gjev ut. 
Fredrikke og Skriftserien, publikasjonsseriane til høgskolen, blir òg publiserte i dette arkivet.

(Rapport frå arbeidsgruppa for ope institusjonelt arkiv - PDF)

Høgskolen brukar systemet Bibsys Brage som reiskap for å publisere og formidle. Denne reiskapen blir levert av Bibsys og blir bruka av fleire utdanningsinstitusjonar.
Søk i Brage HiNe

Ope arkiv for publisering
Ope arkiv for publisering blir bruka av utdannings- og forskingsinstitusjonar for å lagre dei vitskaplege resultata til institusjonen og gjere dei fritt tilgjengelege i fulltekst. Dette vil medverke til å spreie den offentleg finansierte forskinga, til beste for vidare forsking, utdanning, næringsliv, media og den alminnelege interesserte borgaren.

NORA (Norwegian Open Research Archives) er ei nasjonal søkjeteneste for vitskapeleg informasjon i opne publiseringsarkiv. I denne felles søkjeportalen finn ein mellom anna artiklar, doktoravhandlingar og masteroppgåver skrivne av tilsette og studentar ved norske universitet, høgskoler og andre forskingsinstitusjonar. Les meir om ope arkiv for publisering og Open Access her.

I Brage blir forskingsresultata ved Høgskolen i Nesna tilgjengelege for omverda. Det medfører ikkje at vi konkurrerer med forlaga om å publisere. Artiklar  i vitskaplege tidsskrift kan oftast bli publiserte i Brage òg. Dei fleste forlaga tillet ei slik parallellpublisering i institusjonsarkiva.
Det finst fleire døme på tillegg i avtalar som sikrar interessane til forfattaren ved publisering av resultat frå forsking. SPARC (The Scholarly Publishing and Academic Resources Coalition) har utarbeid eit slikt tillegg, eit såkalla Authors Addendum. Ved å bruke tillegget saman med opprinneleg avtaletekst, kan forfattarar sikre seg rett til å legje artiklane på nett.  Dei kan òg bruke, og la andre interesserte bruke deira materiale i ikkje-kommersiell samanheng, til dømes i undervisning.