Masterutdanning i profesjonsretta naturfag

Masterutdanning i profesjonsretta naturfag 
Studieplan 120 Studiepoeng

Høgskolen i Nesna
Revisjon godkjent 07.10.2009

 

Innleiing

Det blir frå fleire hald uttrykt behov for å styrke naturfaga sin plass i skule og utdanning. Dette grunnar i behova innafor næringsliv og teknologi, men er også å finne i behovet for at alle kjenner til sentrale sider ved samspelet mellom natur, menneske og miljø. Utdanning- og forskingsdepartementet har kome med ein eigen tiltaksplan for å styrke realfaga (Realfag, naturligvis), og her er heving av kompetansen til lærarane eit sentralt tiltak.

Gjennom dei siste tiåra har det vore ein nedgang i interessa for å ta utdanning som kvalifiserer til undervisningsstillingar i naturfag i skulen. Saman med eit føreståande generasjonsskifte ved mange av skulane i landet, vil dette føre til at mangelen på undervisningskompetanse i naturfaga blir endå større enn den er allereie i dag.

Eit masterstudium innan profesjonsretta naturfag ved Høgskulen i Nesna er eit nytt studium i Noreg. Det vil representere eit utvida tilbod innan kompetanseheving og vidare­utdanning for dei som skal arbeide med naturfag i skulen. Dei endringane som blir sett i verk innan høgare utdanning i samband med kvalitets- og kompetansereforma og omlegging til ny gradstruktur ligg til grunn for studiet. Masterstudiet i profesjonsretta naturfag tek blant anna opp i seg behovet for fleksible utdanningstilbod for vaksne.

Det planlagde masterstudiet i profesjonsretta naturfag er planlagt som eit framtidsretta studium. Det er utvikla med tanke på å passe inn i dei utfordringane ein møter framover både innafor høgare utdanning, i grunnskule, vidaregåande skule og i samfunnet elles.

Mål

Mål for studiet
Masterstudiet i profesjonsretta naturfag skal vere ei fordjuping i fagdidaktikk i naturfag og spesialisering innafor vitskaps­områda som omfattar undervisning i naturfaga. Det er eit mål for studiet å ta i vare heile bredda i faget. Studiet skal utdanne kandidatar for undervisning i naturfag primært i grunnskulen, men og i naturfag på grunnkursa i vidaregåande skule og i vaksenopplæringa. Ein tek og sikte på å utdanne kandidatar som kan fungere som ressurspersonar meir generelt innan opplæring i naturfaga, både innafor skule, vaksen­opp­læring, etterutdanning og andre former for opplæring og formidling.

Målgruppe
Studiet er retta mot allmennlærarstudentar som ynskjer å utvide sin grunnutdanning til ein mastergrad, lærarar i grunnskulen som ynskjer vidareutdanning, og andre som fyller opptakskrava og ønskjer å utvide sin faglege og didaktiske innsikt og formelle kompetanse knytt til naturfaga.

Kompetansen til studentane etter fullført studium
Studentane skal ha ein fagleg kompetanse som dekkjer heile naturfaget, og ei spissing innafor eit fagområde. Dei skal og ha ein solid fagdidaktisk kompetanse og ha innsikt i nyare, sentral forsking på feltet. Gjennom eit sjølvstendig arbeid med masteroppgåva skal dei få kunnskapar, erfaringar og dugleik i forsknings- og utviklingsarbeid i skulen.

Opptakskrav

Opptakskrava for Masterstudiet i profesjonsretta naturfag er utarbeidd med basis i forskrift om standarer og kriterier for akkreditering av studietilbud i norsk høgre utdanning (NOKUT, 05.05.03)

Masterstudiet vil i stor grad byggje på lærarutdanninga. Pr. i dag svarar allmennlærar­utdan­ninga til 4 års studiar. I tillegg til den obligatoriske delen av allmennlærerutdanninga (120 studiepoeng) krev opptak til mastergraden ei fordjuping i natur­faglege emne på 60 poeng. Denne fordjupinga skal tilsvare innhaldet i dei eksisterande naturfaglege modulane Naturfag 1 (30 poeng) og Naturfag 2 (30 poeng).

I tillegg til allmennlærarutdanning, kan førskulelærarutdanning med tilsvarande fagleg fordjupning, universitetsstudiar og real­kom­petanse gje grunnlag for opptak.

Nedanfor er det spesifisert kva bakgrunn som gir grunnlag for opptak til studiet:

  • 1. 4-årig lærarutdanning (2003) med minimum 60 poengs fordjuping i naturfaglege emne, 30 poeng matematikk, 30 poeng norsk og 30 poeng pedagogikk og praksis. Det kan søkast om opptak til master­studiet etter gjennomført og bestått 3 år av lærarutdanninga (til saman 180 poeng), med minimum 60 poengs fordjuping i naturfag, 30 poeng matematikk, 30 poeng norsk og 30 poeng pedagogikk (til saman 150 poeng).
  • 2. Bachelorgrad med minimum 80 poeng innafor naturfaglege og/eller realfaglege emne, minst 60 må vere innafor naturfaglege emne, 60 poeng innafor pedagogiske og/eller realfagsdidaktiske emne (140 obligatoriske poeng), og praktisk pedagogisk utdanning.
  • 3. 4-årig allmennlærarutdanning (1998 og 1992) med minimum 20 vekttal naturfag (Naturfag 1 og 2 eller tilsvarande), 5 vekttal matematikk, 10 vekttal norsk og 10 vekttal pedagogikk med praksis (130 obligatoriske poeng).
  • 4. Tidlegare 3-årig allmennlærarutdanning med minimum årseining i naturfag, ¼-års­eining i norsk, ¼-årseining i matematikk, samt pedagogikk og praksis av til saman eitt års omfang (ca 150 obligatoriske poeng)
  • 5. Faglærar i realfag og faglærar i naturfag
  • 6. Adjunkt med minimum 80 poeng innafor naturfaglege og/eller realfaglege emne, minst 60 må vere innafor naturfaglege emne, 15 poeng matematikk, og 15 poeng norsk og 30 poeng pedagogikk med praksis eller tilsvarande (140 obligatoriske poeng).
  • 7. Cand.mag-grad innafor realfag med minimum 20 vekttal naturfaglege emne og praktisk pedagogisk utdanning.
  • 8. Cand.mag.-grad med minimum 30 vekttal naturfaglege og/eller realfaglege emne, minst 20 vekttal må vere innafor naturfaglege emne, og praktisk pedagogisk utdanning.
  • 9. 3-årig førskolelærarutdanning, med minst 20 vekttal fordjuping innafor naturfag.
  • 10. Opptak til studiet for Mastergrad i profesjonsretta naturfag kan gjerast på grunnlag av realkompetanse.

Ein kan søkja om opptak til masterstudiet i same semester som kravet om fordjuping i naturfaglege emne blir oppfylt. Opptaket skjer på grunnlag av fullført naturfagleg emnegruppe/fordjupingsmodular.

Oppbygging og organisering

Oppbygging av studiet
Studiet går over to år (totalt 120 poeng), og består av følgjande hovudkomponentar:

  • NAT400 - Grunnleggjande kjemi (obligatorisk) 10 poeng
  • NAT410 - Grunnleggjande fysikk (obligatorisk) 10 poeng
  • NAT420 - Grunnleggjande biologi (obligatorisk) 10 poeng
  • Valfrie fordjupingseiningar 30 poeng
  • Naturfagsdidaktikk I og II (obligatorisk) 10 poeng
  • NAT470 - Vitskapleg metodikk (obligatorisk) 10 poeng
  • NAT480 - Spesialpensum: Litteratur i naturfagdidaktikk 10 poeng
  • NAT490 - Masteroppgåve 30 poeng
    Totalt 120 poeng

Progresjon i studiet
Tabellen under viser korleis ein tenkjer progresjonen i studiet. Studiet startar med dei obligatoriske einingane og fordjupningseiningane. Dette for å gje studentane det naudsynte faglege grunnlaget i studiet. Dei to siste semestera vil fokusere på naturfagdidaktikken og masteroppgåva. Naturfagdidaktikk kjem inn i første og andre semester for å gje naudsynt grunnlag for planlegging og førebuing av masteroppgåva. Vitskapleg metodikk i tredje semester skal gje studentane kunnskap om metodar og reiskap for arbeid med oppgåva. Spesialpensum i naturfagdidaktikk knytt til problemstillinga i oppgåva vil bli arbeidd med parallelt med oppstart av oppgåva. Det vil vere naturleg at arbeidet med å finne tema for oppgåva tek til allereie dei første semestera, og at innsamling av relevant litteratur og andre førebuingar kan skje her. Om særskilte forhold talar for det, kan det gjerast individuelle tilpasningar som kan gje ein annan progresjon i studiet.

 

1. semester

NAT400
Grunnleggjande kjemi 10 poeng

NAT420
Grunnleggjande biologi: økologi og evolusjon
10 poeng

NAT450
Naturfagdidaktikk I 5 poeng
Fordjupingseining 5 poeng

2. semester

NAT410
Grunnleggjande fysikk 10 poeng

Fordjupingseiningar
10 poeng

NAT460
Naturfagdidaktikk II 5 poeng
Fordjupingseining 5poeng

3. semester

NAT490
Masteroppgåve 10 poeng

Fordjupingseiningar 10 poeng

NAT470
Vitskapleg metodikk 10 poeng

4. semester

NAT490
Masteroppgåve 20 poeng

NAT480
Spesialpensum:
Litteratur i naturfagdidaktikk 10 poeng

 

Organisering og gjennomføring av studiet
Studiet er organisert som eit løp over to år (totalt 120 poeng). For studentar som tek studiet samtidig som dei jobbar som lærar, kan det avtalast eit løp over lengre tid. Studiet er bygd opp av fire hovuddelar - naturfaglege grunnmodular, naturfaglege fordjupingsmodular, naturfagdidaktiske modular og masteroppgåve innafor naturfags­didak­tikk.

Studiet kan gjennomførast som fulltids- eller deltidsutdanning. Det blir lagt opp til at dei teoretiske modulane blir gitt som ein kombinasjon av samlingsbaserte studiar og nettbasert undervisning og veiledning med separate eksamenar i kvar modul. Obligatorisk laboratoriearbeid kan i særskilte høve bli gjennomført i helger eller på kveldstid på studiestad eller på eige heimstad om det ligg til rette for det. Arbeidsformene vil variere etter kva som er tenleg i dei ulike modulane, med aktivitetsbasert læring, arbeid individuelt og i grupper, sjølvstudium, føre­lesingar, framlegg og seminar som hovudelement. Rettleiing frå faglærar blir gitt på individuelle og gruppebaserte oppgåver innafor dei enkelte modulane.

Organiseringa av dei enkelte fagmodulane vil være avhengig av talet på studentar. Ved få studentar på ein modul vil mykje av arbeidet skje ved at studenten arbeidar sjølvstendig med personleg veiledning om naudsynt over nett. Høgskulen vil søke å samordne studietilbodet slik at flest mogeleg studentar tek same modul på same tid. Det er derfor ikkje funne tenleg å stille absolutte krav til kva rekkjefølgje ein studerer dei ulike modulane. Ein vil her rettleie studentane, slik at den enkelte student får ei best tenleg oppbygging av studieløpet sitt. Ein føreset at hovuddelen av dei naturfaglege modulane er gjennomført før studenten byrjar på masteroppgåva.

Opptak til studiet gir studenten studierett basert på ein studieavtale med høgskulen. Studie­avtalen regulerer vilkåra for studierett og tap av studierett.

Innhald

Obligatoriske og valfrie modular
Dei tre grunnleggande modulane i biologi, kjemi og fysikk (kvar på 10 poeng) og modulane Vitskapleg metodikk (10 poeng) og Naturfagsdidaktikk (10 poeng) er obligatoriske for alle som tek studiet.

Grunnleggjande fagkunnskapar innafor dei ulike naturfaga går inn som ein sentral del i masterstudiet, og er lagt opp som modular av til saman eitt års studieomfang (60 poeng). Sentrale modular er obligatoriske, medan det er rom for å velje tilleggsemne ut frå kva som er tenleg som fagleg basis framfor hovudoppgåva. 20 studiepoeng av disse valfrie modulane må veljast innafor same fagområde. Obligatoriske og valfrie modular er nærare presenterte nedanfor.

Tilsvarande naturfaglege eksamenar frå andre høgskular eller universitet kan godkjennast basert på ei enkeltvis vurdering av fagleg innhald og innpassing i forhold til Masterstudiet.

Det vil på sikt vere aktuelt å tilby fleire valfrie fordjupingsmodular i naturfag, men per i dag kan følgjande naturfaglege modular velgjast innafor emnegruppa:

  

Modul

 

Studiepoeng

NAT430 Innføring i geofag

5 stp

NAT431 Biokjemi: Cellebiologi og genetikk

10 stp

NAT432 Biologisk mangfold 1

5 stp

NAT433 Biologisk mangfold 2

5 stp

NAT434 Evolusjonsbiologi

5 stp

NAT435 Fuglekunnskap

5 stp

NAT436 Arktiske dyr

5 stp

NAT437 Zoofysiologi

5 stp

NAT438 Plantefysiologi

5 stp

NAT439 Kvantefysikk

5 stp

NAT440 Fysikk og kosmologi

5 stp

NAT441 Kjemiske prinsipper og strukturer

5 stp

NAT442 Stoffene i dagliglivet

5 stp

NAT443 Miljøkjemi5 stp