Naturfag, årsstudium
![]()
Se video fra Naturfag sitt feltkurs på Tomma
Les artikkel om aktivitetsbasert læring i naturfag
Intervju med Johs. Tveita
Studiefakta
Sted• Nesna
Omfang og organisering
• Ett år
• 60 stp.
• Heltid med samlinger
Studieplan
• Studieplan
• Samlingsplan
Søking
• Opptakskrav - Se hovedteksten
• Søknadsfrist 15.4.
• Søk Samordna opptak
• Søkekode: 213 666
Kontakt
Fagansvarlig Frode Hennanger
• Telefon: 75057800
• postmottak@hinesna.no
Bolig eller barnehage
•Kontakt Samskipnaden
Naturfag er svært variert og spenner frå kunnskap vår eigen kropp og helse til økologi, dyr og plantar og miljølære, frå dei minste byggjesteinane som alt er bygd opp av, til det uendelege universet. Studiet har som mål å utvikle solide grunnleggjande kunnskapar og prioriterer fagleg breidde meir enn djupn. I Naturfag 1 er metodikk og praktisk naturfag spesielt vektlagt. Dette gjeld både undervisning i felt og forsøk og aktivitetar på skulen.
Opptakskrav
Søkjarar som ønskjer å ta moduler som del av lærarutdanning, som har fullført lærarutdanning eller tilsvarande, treng ikkje særkrava i realfag som nemnt under.
R1/(S1+S2) og enten (R1+R2) eller (FYS1+2) eller (KJE1+2) eller (BIO1+2) eller (INFO1+2) eller (GEO1+2) eller (TEK1+2)
Innhold i studiet
Studiet består av Naturfag 1 og Naturfag 2, kvar på 30 studiepoeng. Naturfag 1 kan gjennomførast som eit sjølvstendig studium, medan Naturfag 2 byggjar på Naturfag 1. Båe studia kan gjennomførast samtidig. Studiet gjev eit godt grunnlag for undervisning i grunnskule og grunnkurs i vidaregåande skule.
Naturfag 1
Fokus for Naturfag 1 er praktisk og aktivitetsbasert naturfag både i og utanfor klasserommet. Det blir lagt vekt på feltarbeid gjennom feltkurs både sommar og vinter. Vidare vil eininga gje ei grunnleggjande innføring i alle hovudområda:
- Biologi
- Kjemi
- Fysikk
- Geofag
I tillegg vil fagdidaktikk vere sterkt fokusert. Det er krav om praksis tilsvarande 10 undervisingtimar.
Naturfag 2
Naturfag 2 inneheld dei same hovudområda som Naturfag 1, men vil auke breidda i fagkompetansen. Eininga er organisert slik at ho i større grad gjev høve til sjølvstendig arbeid, og har noko mindre krav til obligatorisk frammøte enn Naturfag 1.
Organisering
Naturfag er samlingsbasert, med Nesna som samlingsstad. For Naturfag 1 er det 6 -7 samlingar gjennom studieåret. Kvar samling er på ei veke, bortsett frå den første som går over to veker. Naturfag 2 har 6-7 vekesamlingar. Av desse er ei av dei eksamensførebuande samling.
Klasserom på nett
Alle studier ved Høgskolen i Nesna har sitt eget klasserom på nett. Her vil du til enhver tid finne oppdatert informasjon om alt som skjer i klassen din, og på Høgskolen i Nesna. Her finnes oppslagstavler og chatterom der du kan ha kontakt med medstudenter og lærere, det finnes timeplaner og ukeoversikter, studiemateriell, informasjon fra utdanningsledere, faglærere, studiesjef og eksamenskontoret.
Veien videre - jobb og studium
Det blir i dag utdanna få lærarar med fordjuping i realfaga. Det vil derfor vere etterspurnad etter denne kompetansen i skulen. Å ha naturfag i fagkretsen vil såleis vere ein styrke for deg når du skal søkje arbeid i skulen. Naturfag vil i tillegg kunne inngå som ein del av ein bachelorgrad.
Høgskulen i Nesna har ei masterutdanning i profesjonsretta naturfag berekna på lærarar med fordjuping i naturfag. Med 60 studiepoeng i naturfag og fullført lærarutdanning er du kvalifisert til å søkje på masterutdanninga i profesjonsretta naturfag.