Naturfag 2
![]()
Se video fra Feltkurs på Tomma
Les artikkel om aktivitetsbasert læring i naturfag
Studiefakta
Sted• Nesna
Omfang og organisering
• Ett år
• 30 stp.
• Deltid med samlinger
Studieplan
• Studieplan
• Samlingsplan
Søking
• Opptakskrav - Se hovedteksten
•
• Søk Høgskolen i Nesna
Kontakt
Fagansvarlig Frode Henanger
• Telefon: 75057800
• postmottak@hinesna.no
Bolig eller barnehage
•Kontakt Samskipnaden
Naturfag er svært variert og spenner frå kunnskap vår eigen kropp og helse til økologi, dyr og plantar og miljølære, frå dei minste byggjesteinane som alt er bygd opp av, til det uendelege universet. Studiet har som mål å utvikle solide grunnleggjande kunnskapar og prioriterer fagleg breidde meir enn djupn.
I Naturfag 2 er metodikk og praktisk naturfag spesielt vektlagt. Dette gjeld både undervisning i felt og forsøk og aktivitetar på skulen.
Opptakskrav
Søkjarar som ønskjer å ta moduler som del av lærarutdanning, som har fullført lærarutdanning eller tilsvarande, treng ikkje særkrava i realfag som nemnt under.
R1/(S1+S2) og enten (R1+R2) eller (FYS1+2) eller (KJE1+2) eller (BIO1+2) eller (INFO1+2) eller (GEO1+2) eller (TEK1+2)
Målgruppe
Studiet passar for lærarar, allmennlærarstudentar og andre som ønskjer auka kompetanse i naturfag, og som har Naturfag 1 eller tilsvarande høgare utdanning frå før.
Mål for studiet
Naturfag 2 skal gje naudsynt kompetanse for å dekkje det breie fagtilfanget naturfag har i skulen.
Innhold i studiet
Det blir lagt vekt på den praktiske sida av faget, og på å stimulere til undervising som fremmar undring, vitehug og interesse for fagets mange ulike tema og område.
- Naturfagdidaktikk
- Biologi
- Geofag
- Kjemi
- Fysikk
Organisering og arbeidsformer
Naturfag 2 er eit samlingsbasert studium over eitt år. I studiet vil bruk av Internett vere ei viktig arbeidsform. Studiet krev sjølvstendig jobbing med teori, teoretiske og praktiske oppgåver.
Klasserom på nett
Alle studier ved Høgskolen i Nesna har sitt eget klasserom på nett. Her vil du til enhver tid finne oppdatert informasjon om alt som skjer i klassen din, og på Høgskolen i Nesna. Her finnes oppslagstavler og chatterom der du kan ha kontakt med medstudenter og lærere, det finnes timeplaner og ukeoversikter, studiemateriell, informasjon fra utdanningsledere, faglærere, studiesjef og eksamenskontoret.
Veien videre - jobb og studium
Det blir i dag utdanna få lærarar med fordjuping i realfaga. Det vil derfor vere etterspurnad etter denne kompetansen i skulen. Å ha naturfag i fagkretsen vil såleis vere ein styrke for deg når du skal søkje arbeid i skulen. Naturfag vil i tillegg kunne inngå som ein del av ein bachelorgrad.
Høgskulen i Nesna har ei masterutdanning i profesjonsretta naturfag berekna på lærarar med fordjuping i naturfag. Med 60 studiepoeng i naturfag og fullført lærarutdanning er du kvalifisert til å søkje på masterutdanninga i profesjonsretta naturfag.