Nasjonal konferanse 3. mars:
Høgskolen i Nesna inviterer med dette til nasjonal konferanse om temaet:
Skolenedlegging: I skjeringspunktet mellom kvalitet og politikk.
Program 3. mars
Påmelding
Konferansen er ei sluttmarkering av det fireårige prosjektet Skole og oppvekst i område med spreitt busetnad ved Høgskolen i Nesna, og som har vore finansiert av Noregs forskingsråd.
Forskinga frå prosjektet dokumenterer mellom anna at det i tida etter innføringa av såkalla nytt inntektssystem midt på 1980-talet har gått føre seg omfattande nedlegging av små, og etter kvart ikkje fullt så små, skolar over heile landet. Og det har i alt vesentleg skjedd ut frå omsynet til kommunal økonomi trass i at nasjonal politikk og statlege tilrådingar overfor kommunane heile tida har vore at skolar ikkje skulle leggjast ned av økonomiske grunnar. Over heile landet er det no oppslag i media om nedlegging av skolar med dei konfliktar som dette fører med seg. Samstundes blir spørsmålet om kvalitet ved dei små skolane reist. Lærer elevane noko? Er dei små skolane gode nok?
Spørsmålet om skoleskyss er og ei problemstilling som kjem i fokus i samband med skolenedleggingar. Kor lang skoleskyss er forsvarleg for elevane? Det er kommunen som avgjer spørsmål om skolenedlegging, men det er fylkeskommunen som betaler for skoleskyssen. Kommunalminister Liv Signe Navarsete har varsla at dette spørsmålet skal utgreiast. Velkomen til konferansen!
Praktisk informasjon:
Målgruppe: Politikarar og beslutningstakarar på nasjonalt, fylkeskommunalt og lokalt nivå, lærarar, skoleleiarar og lærarorganisasjonar, foreldre og samfunnsinteresserte, studentar og forskarar.
For påmelding: påmeldingsskjema
Deltakaravgift kr. 500,- inkludert lunsj
kr. 250,- uten lunsj.
Gratis for studentar ved HiNe
Informasjon om overnatting: Studentsamskipnaden i Nesna
· Dobbeltrom kr. 650,-
· Enkeltrom kr. 400,-
Reise til Nesna
Vi tek atterhald for endringar i programmet!
Har du spørsmål? Ta kontakt med oss på tlf: 75057800.