Læraryrket- ein jobb for framtida!

Læraryrket- ein jobb for framtida!
Av Arna Meisfjord, tidligare rektor ved Høgskolen i Nesna

Kinesarane har eit ordtak der dei seier at den som planlegg for to år, ho sår ris. Den som planlegg for ti år, han plantar eit epletre. Men dei som planlegg og tenkjer hundre år fram i tid, dei utdannar menneske. Det kan vere litt skummelt å tenkje så langt fram i tid. Korleis vil verden sjå ut?

Arna Meisfjort
Det er så mange som spår både undergang og katastrofer i framtida. Men eit er sikkert. Der det er unge menneske som brettar opp armane og tek tak i utfordringane, der blomstrar det. Der går det framover på ein positiv måte. Du har kanskje sett på TV-serien om Klasse 10 B? Du ser unge menneske med talentar, draumar og tankar om framtida. Unge menneske med hormonar som herjar i kroppen og så mange vegval at dei ikkje heilt veit kva dei skal gjere eller kva for veg dei skal gå. Som du ser i denne TVserien, så er det ikkje berre enkelt å vere lærar, men det er utfordrande, det er spennande og du får bruke dine evner og kunnskap frå mange felt. Og du er med på å forme framtida slik at den kan bli god for mange fleire enn dei elevane som du underviser. For det er jo desse ungdomane som skal bygge framtida og du kan som lærar vere med å gje dei det beste grunnlaget.

Har du tenkt tanken på å søke lærarutdanning, men er litt usikker? Då kan du kanskje kome på den konferansen som Høgskolen i Nesna arrangerer den 9.april om kreative arbeidsformer i skolen. Til denne konferansen kjem to av dei lærarane som underviser i TVserien Klasse 10B og dei vil fortelle om sine erfaringar som lærarar. Du er velkomen til denne konferansen og du er velkomen til å søke lærarutdanning ved Høgskolen i Nesna!