Norsk 2

 

  NORSK 5. - 10. trinn 
Namn Norsk 2
Emnekode  xxxx
Emnetype  
Omfang 30 studiepoeng
Forkunnskapar  

Læringsutbytte

Kunnskapar og forståing

Studentane 
  • har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk
  • har kjennskap til språktypologi og  mellomspråkanalyse
  • har utvida innsikt i korleis gutar og jenter på ungdomssteget kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing og lesestrategiar, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
  • har utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
  • har kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår og om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
  • har god innsikt i språklege endringsprosessar i fortid og samtid
  • har ein viss innsikt i de grammatiske forskjellane mellom gammalnorsk og moderne norsk og dei viktigaste lydendringane i  eldre tid
  • har inngåande kunnskap om norsk språkhistorie etter 1800 og om gjeldande normering av bokmål og nynorsk
  • har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk
  • har utvida kunnskapar om munnlege og skriftlege sjangrar i tradisjonelle og moderne medium og innsikt i korleis elevar frå 5. til 10. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid
  • har  kjennskap til litteratur frå kulturarven og god litteraturhistorisk oversikt og kunnskapar om sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur
  • har kunnskap om kva som skjer når ein tekst vert overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon) 
Dugleikar

Studentane
  • kan kartleggje og vurdere lese- og skrivedugleikar, setje i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
  • kan setje i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngje karakterane ein set
  • kan rettleie elevar i ulike former for munnleg og skriftleg argumentasjon
  • kan samanlikne tekstar skrivne for ungdom og vaksne med omsyn på innhald, form og funksjon
  • kan rettleie elevar i bruk av litteraturfagleg kjeldemateriale
  • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering

Generell kompetanse

Studentane

  • kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget
  • kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
  • kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati
Fagleg innhald

Emnet  byggjer  på Norsk 1 og føreset at mange didaktiske emne er gjennomgått der. Arbeidet med norskdidaktiske tema  held fram -  med emne som elevtekstanalyse, vurdering, norsk som andrespråksundervisning, lærebokanalyse, lese- og skrivestrategiar og lesemotivasjon. Men Norsk 2 blir noko meir fagleg i innhaldet. Kulturarven står sentralt. Studentane skal lese litterære verk frå ulike historiske epokar.
Nordnorske tekstar er integrerte i dette opplegget. Bruk av kulturarven og bruk av regionallitteratur i skolen er også didaktiske problemstillingar. I tillegg skal studenten ha innsikt i litteraturhistorie, språkhistorie og dialektkunnskap. Studentane skal skrive ei semesteroppgåve med ei didaktisk  eller norskfagleg problemstilling. Arbeidet med semesteroppgåva skal i størst mogleg grad vere forskingsbasert og problemorientert.

Læringsformer Studentane vil møte eit variert utval av undervisnings- og læringsformer - individuelt arbeid, gruppearbeid, i tillegg til førelesingar og seminar. Semesteroppgåva som utgjer heimeeksamen, er meint å verke  differensierande og skape større studentaktivitet, men representerer også eit forsøk på  gi studentane røynsle med didaktisk utviklingsarbeid  og forksking og gjere dette emnet meir praksisnært.. Studentane får i praksisperiodane høve til å prøve ut opplegg som heng saman med undervisninga i dei to studieåra. Røynslene frå praksis dannar saman med fagleg kunnskap og fagdidaktisk refleksjon i studiet den naudsynte lærarkompetansen med norskfaget i sentrum.
Praksis Sjå praksisplan
Kvalitetssikring Emnet blir evaluert kvart år
Arbeidskrav


Følgjande arbeidskrav må vere oppfylt før ein kan framstille seg for eksamen:

Deltaking:
Sjå generell del

Obligatoriske arbeidskrav:

  • Presentere problemstillinga for utviklingsarbeidet i eit notat og få det godkjent av faglærar
  • Fire notat knytt til språklege, litterære eller didaktiske emne (ca. 1000 ord)
  • Ein fagtekst om eit didaktisk emne (2500-4000 ord)
  • Eit munnleg innlegg om litterært, språkleg eller didaktisk emne (min. 10 minuttar)
  • Presentere semesteroppgåva for dei andre studentane (ca. 15 minutt)
  • Ei individuell semesteroppgåve (eit utviklingsarbeid)
Notata kan ha ulik utforming (til dømes faglege innlegg i nettdiskusjonar). Etter dei første 15 studiepoeng til våren må alle arbeidskrav så langt vere godkjende for at studenten skal kynne halde fram i studiet. 
 
Eksamen


Eksamen består av to komponentar:

Ei semesteroppgåve /utviklingsarbeid (ca 12 -15 maskinskrivne sider) (vektes 50 %) 
 
Ein munnleg eksamen. Ved munnleg eksamen blir studentane prøvde i pensum frå ulike delar av emnet. (vektes 50 %) 
 

Kontinuasjonseksamen Kontinuasjonseksamen i byrjinga av påfølgjande semester.
Pensum  Norsk 2 Grunnskolelærerutdanning 5-10