Norsk 2
Studiefakta
Sted• Nesna
Studiestart
•
Omfang og organisering
• Ett år
• 30 stp.
• Deltid med samlinger
Studieplan
• Studieplan
• Samlingsplan
Søking
• Opptakskrav - Se hovedteksten
• Utvidet
• Høgskolen i Nesna
• Søk studium
Kontakt
Fagansvarlig Øyvind Jensen
• Telefon: 75057800
• postmottak@hinesna.no
Bolig eller barnehage
• Kontakt Samskipnaden
Studiet byggjer på emnet Norsk 1, som er obligatorisk i grunnskolelærarutdanning og faglærarutdanning i praktiske og estetiske fag. Norsk 1 og 2 gir til saman 60 studiepoeng i norsk.
For søkere med allmennlærerutdanning er det mulig å velge fordypning rettet mot grunnskolens 5.-10. trinn.
Som kjent er 60 studiepoeng i norsk blitt eit krav for å kunne undervise i norsk i ungdomsskolen. I den nye grunnskolelærarutdanninga er 60 studiepoeng norsk eit minstekrav for dei som vel norsk som fag på GLU 5-10. Skal du vere konkurransedyktig på dette området, bør du ha Norsk 2.
Målgruppe
Studentar i lærarutdanning, lærarar og andre med forkunnskapar tilsvarande Norsk 1 som ynskjer vidare utdanning i norskfaget.
Mål for studiet
Studiet er sett saman av tre målområde som utfyller og grip inn i kvarandre:
• Kunnskap om språk og tekst
• Språk og tekst i undervisningsperspektiv
• Arbeid med språk og tekst.
Kunnskap om språk og tekst
• Norrønt språk
• Språkhistorie
• Å beskrive språk
• De nordiske språka
• Litteratur og litteraturhistorie
• Nordnorsk litteratur/ regionallitteratur
Språk og tekst i eit undervisningsperspektiv
• Vurdering og formidling av litteratur
• Arbeid med elevteksten på mellom- og ungdomssteget
Arbeid med språk og tekst
Dette området gjeld studentane sine eigne behov for trening i munnleg og skriftleg tekstproduksjon.
Organisering
Undervisninga er hovudsakleg organisert som forelesingar og seminar. Det er eit obligatorisk krav at studenten skal levere inn to obligatoriske oppgåver og halde eit munnleg innlegg i klassen. Andre krav vil framgå av semesterplanen.
Ein viktig del av studiet er arbeidet med eit individuelt valt utviklingsarbeid, der ein kan få individuell rettleiing.
Praksis
Alle studier ved Høgskolen i Nesna har sitt eget klasserom på nett. Her vil du til enhver tid finne oppdatert informasjon om alt som skjer i klassen din, og på Høgskolen i Nesna. Her finnes oppslagstavler og chatterom der du kan ha kontakt med medstudenter og lærere, det finnes timeplaner og ukeoversikter, studiemateriell, informasjon fra utdanningsledere, faglærere, studiesjef og eksamenskontoret.
Internasjonal utveksling
Veien videre - utdanning og jobb
Norskstudiet kvalifiserer for undervisning i grunnskolen, og det kan gi grunnlag for vidare studium i norsk ved universitet og andre høgskular. Det kan inngå som ein del av allmennlærarutdanninga, eller som ei vidareutdanning for lærarar. Norskstudiet kan og vere eit godt grunnlag for yrke der skriftspråket er viktig, for eksempel journalistyrket og andre medieyrke.
Ingen andre fag i grunnskolen har så mange timar undervisning som norsk. Samtidig er det mangel på norsklæarar. Norskundervisning for minoritetsspråklege – barn og vaksne – har blitt ein ekstra arbeidsarena for norsklærarar. Det er derfor lett å få jobb om du har norsk som fag.


