Norsk 2A

Emnekode: NOR211

Emnetype: Vurdering

Omfang: 15 studiepoeng

Talet på semester: 1

Startsemester: Haust

 

Studium

Emnet høyrer til Norsk 2

 

Forkunnskapskrav

Norsk 1

 

Læringsutbytte

Kunnskapar og forståing

Studentane

  • har kjennskap til litteratur frå kulturarven og god litteraturhistorisk oversikt og kunnskapar om sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur
  • har innsikt i regional litteratur /nordnorsk litteratur
  • har kunnskap om kva som skjer når ein tekst vert overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon)

Dugleikar

Studentane

  • kan setje i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngje karakterane ein set
  • kan samanlikne tekstar skrivne for ungdom og vaksne med omsyn på innhald, form og funksjon
  • kan rettleie elevar i bruk av litteraturfagleg kjeldemateriale
  • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering

Generell kompetanse

Studentane

  • kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til faget si historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget
  • kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
  • kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati

 

Faglig innhald

Emnet byggjer på Norsk 1 og føreset at mange didaktiske emne er gjennomgått der. Arbeidet med norskdidaktiske tema held fram. Men Norsk 2 blir noko meir fagleg i innhaldet. Kulturarven står sentralt. Studentane skal lese litterære verk frå ulike historiske epokar.
Nordnorske tekstar er integrerte i dette opplegget. Bruk av kulturarven og bruk av regionallitteratur i skolen er også didaktiske problemstillingar.

Litteratur og lesing
I dette området arbeider studentane med litterær teori, med lesing og tolking av skjønnlitteratur og sakprosa med vekt på nyare litteratur for born og unge. Tekstlesing dannar grunnlaget for den litterære samtalen og for refleksjon kring ulike tilnærmingar til tekstarbeid i skulen.

 

Praksis

Nei.

 

Læringsformer

  • Studentane vil møte eit variert utval av undervisnings- og læringsformer - individuelt arbeid, gruppearbeid, i tillegg til førelesingar og seminar
  • Studentane får i praksisperiodane høve til å prøve ut opplegg som heng saman med undervisninga i dei to studieåra. Røynslene frå praksis dannar saman med fagleg kunnskap og fagdidaktisk refleksjon i studiet den naudsynte lærarkompetansen med norskfaget i sentrum.

 

Krav til arbeidsinnsats

Forelesingar, kollokviearbeid, seminar

75 timar

Obligatoriske innleveringar

60 timar

Pensum-lesing

230 timar

Eksamen

10 timar

Totalt

275 timar

 

Vilkår for å gå opp til eksamen

Følgjande arbeidskrav må vere oppfylte før ein kan framstille seg for eksamen:

Deltaking:

Obligatorisk deltaking

Obligatoriske arbeid:

  • 2 notat knytt til litterært eller didaktisk emne (ca 1000 ord)
  • 1 litterær analyse (2500 – 3000 ord)
  • 1 munnleg presentasjon av ein roman

 

Eksamen

Eksamen består av:

  • Heimeeksamen (5 dagar). Målform: Nynorsk. Vekting: 100 %

Ved vurdering av eksamen nyttast karakterar etter ein skala frå A til E for bestått, og F for ikkje bestått, med A som beste karakter

 

Blir tilbydd som enkeltemne

Ja.

 

Opent for privatistar

Nei.

 

Studiepoengreduksjon

Dersom studenten har Norsk 2 frå HiNe frå tidlegare eller tar emnet parallelt i eit anna program, vil studenten ikkje få studiepoengsutteljing for dette emnet.

 

Ansvarleg avdeling

Avdeling for kultur og samfunn

 

Godkjent

26.03.2012, Renee Waara, dekan AKS