Norsk 2B

Emnekode: NOR212

Emnetype: Vurdering

Omfang: 15 stp

Talet på semester:1

Startsemester: Vår

 

Studium

Emnet høyrer til Norsk 2

 

Forkunnskapskrav

Norsk 1

 

Læringsutbytte

 

Kunnskapar og forståing
Studentane

  • har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andre språk
  • har kjennskap til språktypologi og mellomspråkanalyse
  • har utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine, både elevar med norsk som første språk og norsk som andre språk
  • har kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår og om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
  • har god innsikt i språklege endringsprosessar i fortid og samtid
  • har ein viss innsikt i dei grammatiske forskjellane mellom gammalnorsk og moderne norsk og dei viktigaste lydendringane i eldre tid
  • har inngåande kunnskap om norsk språkhistorie etter 1800 og om gjeldande normering av bokmål og nynorsk
  • har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk

Dugleikar

Studentane

  • kan kartleggje og vurdere lese- og skrivedugleikar, setje i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
  • kan setje i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngje karakterane ein set
  • kan rettleie elevar i ulike former for munnleg og skriftleg argumentasjon
  • kan samanlikne tekstar skrivne for ungdom og vaksne med omsyn til innhald, form og funksjon
  • kan rettleie elevar i bruk av litteraturfagleg kjeldemateriale
  • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering

Generell kompetanse

Studentane

  • kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget
  • kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile

kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati

 

Faglig innhald

Emnet byggjer på Norsk 1 og føreset at mange didaktiske emne er gjennomgått der. Modul B er hovudsakleg språkleg. Arbeidet med norskdidaktiske tema held fram - med emne som elevtekstanalyse, vurdering, norsk som andre språkundervising, lærebokanalyse, lese- og skrivestrategiar og lesemotivasjon. Studenten får innsikt i eldre språkhistorie og dialektkunnskap.

Lesing og skriving

Studentane arbeider med å utvikle eigen skrivekompetanse i ulike sjangrar, med leseforståing, lesestrategiar, lesemotivasjon, sjangrar og sjangerundervisning.

 

Praksis

Nei.

 

Læringsformer

  • Studentane vil møte eit variert utval av undervisnings- og læringsformer - individuelt arbeid, gruppearbeid, i tillegg til førelesingar og seminar. Det er lagt inn ein munnleg presentasjon for studentane.
  • Studentane får i praksisperiodane høve til å prøve ut opplegg som heng saman med undervisninga i dei to studieåra. Røynslene frå praksis dannar saman med fagleg kunnskap og fagdidaktisk refleksjon i studiet den naudsynte lærarkompetansen med norskfaget i sentrum.

 

Krav til arbeidsinnsats

Forelesinga, kollokviearbeid, seminar

75 timar

Obligatoriske innleveringar

60 timar

Lesing av pensum

200 timar

Eksamen

40 timar

Totalt

275 timar

 

Vilkår for å gå opp til eksamen

Følgjande arbeidskrav må vere oppfylte før ein kan framstille seg for eksamen:

Deltaking:

Obligatorisk deltaking


Skriftlege innleveringar og anna:

  • 1 notat knytt til eit språkleg emne
  • Ein fagtekst/fagoppgåve 2500-4000 ord
  • Ein munnleg presentasjon

 

Eksamen

Eksamen består av:

  • Skuleeksamen 6 timar. Målform: Bokmål. Vekting: 100 %. Hjelpemiddel: Ordliste.

Ved vurdering av eksamen nyttast karakterar etter en skala frå A til E for bestått, og F for ikkje bestått, med A som beste karakter.

 

Blir tilbydd som enkeltemne

Ja.

 

Opent for privatistar

Nei.

 

Studiepoengreduksjon

Dersom studenten har Norsk 2 frå HiNe frå tidlegare eller tar emnet parallelt i eit anna program, vil studenten ikkje få studiepoengsutteljing for dette emnet.

 

Ansvarleg avdeling

Avdeling for kultur og samfunn

 

Godkjent

26.03.2012, Renee Waara dekan, ASK