Norsk 2A (GLU 1-7)

Emnekode: NOR21-7 1

Emnetype: Vurdering

Omfang: 15 stp

Faget går over eit semester

Startsemester: Haust

 

Studium

Emnet hører til Norsk 2 som er ein valfri del av  grunnskolelærarutdanning (GLU) 1-7.

 

Forkunnskapskrav

Norsk 1 frå GLU 1-7.

 

Læringsutbytte

Å studere norsk som del av grunnskolelærarutdanninga handlar om å skaffe seg kunnskapar om norsk språk og norsk tekstkultur og om didaktiske teoriar knytt til norskopplæring og bruke kunnskapar frå desse områda til faglig og fagdidaktisk refleksjon og sette det heile om til praktisk handling i klasserommet.

KUNNSKAPAR

Studenten

  • har inngåande kjennskap til teoriar om lesing og skriving, særleg knytt til den andre lese- og skriveopplæringa
  • har kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår og om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
  • har utvida kunnskapar om munnlege og skriftlege sjangrar og innsikt i korleis elevar frå 1. til 7. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid
  • har litteraturhistorisk oversikt, kunnskapar om sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og sakprosa og kjennskap til teoriar om samansette tekstar

FERDIGHEITER

Studenten

  • kan organisere og drive tilpassa lese- og skriveopplæring for 1. til 7. trinn etter fagleg grunngitte prinsipp, også for elevar med norsk som andrespråk
  • kan bruke språk- og tekstkunnskap aktivt i rettleiing av elevar i lese- og skriveprosessen
  • kan vurdere og reflektere omkring ulike slags prøver i lesing og skriving og nytte resultatet av dei til fagleg utvikling for elevane
  • kan leggje til rette for den munnlege språkutviklinga til elevane
  • kan rettleie i arbeidet med tekstar slik at elevane kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
  • kan samanlikne tekstar skrivne for barn med omsyn til innhald, form og funksjon
  • kan setje sentrale norske tekstar inn i ein historisk samanheng, tolke dei og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur

 

GENERELL KOMPETANSE

Studenten

  • kan vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå eit historisk perspektiv på faget
  • Har eit medvite forhold til korleis samtalen mellom lærar og elevar, og samtalen elevane imellom, kan fungere som reiskap for læring

 

Faglig innhold

Norsk 2A inneheld:

  • Litteratur- og språkhistorie fram til 1950, med litteraturstudium av eldre litteratur med vekt på barnelitteratur
  • Den andre lese- og skriveopplæringa
  • Norsk som andrespråk

 

Praksis

GLU 1-7 studentar har praksis i samsvar med praksisplan for GLU 1-7.

 

Arbeidsformer

Individuelt arbeid, gruppearbeid og eventuelt tverrfagleg samarbeid om tekst og språk er sentrale arbeidsformer forutan førelesningar og seminar. Kreative undervisningsformer og undervisningsmetodar som brukast i grunnskolen blir vektlagt. Praksiserfaringane dannar saman med faglig kunnskap og fagdidaktiske vurderingar i studiet den nødvendige lærarkompetansen med norskfaget i sentrum.

 

Krav til arbeidsinnsats

Forelesingar, kollokviearbeid og seminar tar omlag 60 timar, dei obligatoriske innleveringane med rettleiing undervegs 80 timar. Pensum tar omlag  210 timar og eksamen tar 40 timar.
 

Vilkår for å gå opp til eksamen

Arbeidskrav:

  • To skjønnlitterære tekster (dikt, noveller o. l.)
  • To fagtekster
  • Loggbokføring

 

I sine tekster skal studenten vise kompetanse på begge målformer, nynorsk og bokmål.

Frammøte:

Obligatorisk frammøte.

 

Eksamen

Skoleeksamen 8 timar, språkform bokmål. Hjelpemiddel: Ordbok, L-06.

Vekting: 100 %.

Ved vurdering av eksamen nyttast karakterar etter ein skala fra A til E for bestått, og F for ikkje bestått, med A som beste karakter.

 

Tilbys som enkeltemne

Nei.

 

Åpent for privatister

Nei.

 

Studiepoengsreduksjon

Dersom studenten har emnet norsk 2 frå tidlegare, eller tar emnet parallelt i eit anna program vil studenten få fråtrekk i studiepoeng frå dette emnet.

 

Ansvarlig avdeling

Avdeling for Kultur og samfunn

 

Godkjent

02.02.2012, Renee Waara dekan AKS