Høgskolelektor i sjukepleiefag

Høgskolelektor i sjukepleiefag
Eit årsvikariat som høgskolelektor i sjukepleiefag er ledig frå 1. august 2012.

Om høgskolen
Høgskolen i Nesna har rundt 1100 studentar og ca. 110 tilsette. Høgskolen tilbyr grunnskolelærarutdanningar, førskolelærarutdanning, sjukepleiarutdanning, etter- og vidareutdanningar samt bachelorutdanningar og mastergradsutdanningar. Høgskolen har hovudsete på Nesna, og i tillegg permanent verksemd i Mo i Rana og Sandnessjøen. Sjukepleiarutdanninga er lokalisert i Sandnessjøen.

Ansvars- og arbeidsområde
Den som vert tilsett må ha sjukepleiarutdanning og i tillegg hovudfag eller tilsvarande. Erfaring som sjukepleiar innan eldreomsorg og/eller vidareutdanning i eldreomsorg og/eller forsking innanfor eldreomsorg er ein fordel, i tillegg til generell brei erfaring som sjukepleiar.

Kvalifikasjonskrav
For tilsetting som høgskolelektor krevst det høgre grads eksamen frå universitet eller høgskole eller tilsvarande høgare utdanning. Vidare krevst det forskingskvalifikasjonar utover hovudfagsnivå og/eller relevant yrkespraksis og erfaring frå undervisningsrettleiing. Dersom det ikkje meld seg søkjar med desse kvalifikasjonane, kan det gjerast tilsetting som høgskolelærar.

Lønns og tilsettingsvilkår
Høgskolelektor er lønt etter Statens lønnsregulativ, lønnsplan 17.510, kode 1008, Iønnsramme 25, lønnstrinn 46-70. Frå lønna trekkjast lovbestemt innskott i Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett må rette seg etter dei til ei kvar tid gjeldande lover, avtaler og instruksar for statstilsette og personale ved statlege høgskolar. Undervisningspersonale må og delta i aktivitetar som inngår i plan for praksiskontakt.
Arbeids- og ansvarsområde kan endrast som følgje av omstilling ved høgskolen. I samband med desentraliserte studium kan det påreknast ein del reiseverksemd.
Høgskolen i Nesna praktisere kjønkvotering i samsvar med hovudavtalen § 21. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssameining og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn.

Søknad med rettkjente kopier av vitnemål og attester blir å sende til Høgskolen i Nesna, 8700 Nesna. Søkjarar vil bli vurdert av et sakkunnig utval, og må leggja ved 3 eksemplar av CV og rettkjende kopiar av vitnemål og attestar.

Jobbtype: Vikariat
Heiltid/deltid: heiltid
Søknadsfrist: 08.06.2012
Tiltreding: 01.08.2012
Arbeidsstad: Sandnessjøen
Heimeside: http://www.hinesna.no
Kontaktpersonar: dekan Even Næss, en@hinesna.no, tlf: +47 75057846, personalsjef Magne Elstad, me@hinesna.no, tlf: +47 75057805