2012

Sykepleierutdanning

Sandnessjøen
Varighet: 
Fire år
Studiepoeng: 
180 stp.
Organisering: 
Deltid med samlinger
Studieprogram: 
2013/2014
Semester: 
Høst 2013
Type/Nivå: 
Bachelor
Fag: 
Helse
Fagplan: 
http://www.hinesna.no/node/5594
Opptakskrav: 
Generell studiekompetanse
Søknadsfrist: 
15.04
Søknad til: 
SO
URL til søknad: 
http://www.samordnaopptak.no/info/

Studietekst fra Else Lied 3.12.10

Søkerkode: 
213051
Kontaktperson: 
Generelt om studiet: 

Sjukepleiarutdanninga ved Høgskulen i Nesna er eit fireårig deltidsstudium. Teoriundervisninga er samlingsbasert og utgjer ca 35 samlingsveker. Den praktiske sjukepleieundervisninga og sjukepleiepraksis utgjer 60 veker. Studiet let seg vanskeleg kombinere med meir enn 25% arbeid. Samlingane er lagt til Høgskulen i Nesna sitt lokale i Sandnessjøen. Deltaking i undervisning og praksis er obligatorisk.

Innhold i studiet: 

Hovudfaget er sjukepleie. Andre fag er anatomi, fysiologi, biokjemi, sjukdomslære og patologi, mikrobiologi, hygiene, førebyggjande helsearbeid, psykologi, sosiologi, sosialantropologi, lovgiving, filosofi, vitskapsteori, forsking og forskingsmetode. Det er ein føresetnad at delar av pensumet blir tileigna ved sjølvstudium. I sjukepleiarutdanninga vert det lagt vekt på aktiv deltaking frå studentane gjennom alternative pedagogiske opplegg og samhandlingsprosessar som drama, musikk, dans/rørsler og forteljingar. Den einskilde student si evne til etisk refleksjon, livserfaring og eiga utvikling er vesentleg i danninga til sjukepleiar.

Praksis: 

Praksisstudiet omfattar grunnleggjande og generell sjukepleie; sjukepleie i spesialisthelsetenesta(sjukehus); sjukepleie i relasjon til førebyggjande helsearbeid; sjukepleie i forhold til gamle; sjukepleie i forhold til barn; sjukepleie innan psykisk helsevern og heimesjukepleie. Ved sjukepleieutdanninga ved Høgskulen i Nesna er praksisstudia rettleia både av kontaktsjukepleiar frå praksisstaden og av lærar frå utdanninga. Praksis må gjennomførast i kommunar på Ytre Helgeland og ved Helgelandssjukehuset, avdeling Sandnessjøen.

Internasjonal utveksling: 

Det kan søkjast om praksisgjennomføring ved Crossroads Children Home, Matatiele i Sør Afrika og i alle land i Europa.

Veien videre - jobb og studium: 

Arbeidsmarknaden på landsbasis i Noreg for sjukepleiarar varierer i nokon grad. På Helgeland er det for tida etterspurdnad etter sjukepleiarar både i kommunehelsetenesta og i spesialisthelsetenesta. I periodar kan ein pårekne å arbeide i vikariat ei tid etter avslutta utdanning, før fast tilsetjing blir aktuelt. Endringar i folkesamansettinga i Noreg, med høgare tal på gamle menneske, tilseier at behovet for sjukepleiarar i åra framover vil auke. Med ein bachelor i sjukepleie frå Noreg er det også mogleg for arbeid i utlandet.

Ein bachelor i sjukepleie gir opning for mange ulike vidareutdanningar, masterutdanningar og doktorgradsstudier. 

media: 

hine1564

Handlingsplan for studentar med nedsett funksjonsevne (2012 - 2015)

Handlingsplan for studentar med nedsett funksjonsevne (2012 - 2015) »Les mer

Syndiker innhold